1, – 3. august arrangerer MA – Rusfri Trafikks campingklubb sensommertreff på Lunde Camping.
Vi har reservert 20. plassar frå fredag til søndag, sjå merka område på kartet.
Av erfaring veit vi at nokon ønskjer å koma dagen før. Vi har difor også reservert 5 plassar frå torsdag. Ønskjer du å koma torsdag, vil vi gjerne ha tilbakemelding raskt, slik at vi evt. kan auke talet.
Vi tar med oss telt som vi bruker ved samlingane.
Laurdag skal vi på kanaltur. Vi tar kanalbåten frå Lunde og ned til Ulefoss. Vi har fått eit bra tilbod, kr 700 pr person. Prisliste for 2025 syner 795 pr pers. Telemarkskanalen opplyser at det ikkje er tillat å ha med niste, men at ein kan kjøpa mat om bord.
Retur tilbake til Lunde med maxi taxi.
Både Lunde camping og Telemarkskanalen skal ha førehandsbetaling, og har sett frist for innmelding av endeleg tal biler /deltakarar. Det er dette talet campingklubben vil blir fakturert for. Vi ber difor om at påmeldingsfristen blir halde.
Påmeldingsfrist: Måndag 7. juli 2025
Påmelding til Alf Seim; mobil 952 09 501 eller e-post inhsei@online.no
Pris oppstillingsplass m/straum kr 325,- pr døgn pr bil. Klubben har avtale med campingplassen, og vil få tilsendt faktura.
Eigenandel treff: kr 500,- pr pers. som dekkjer tur på kanalen og retur tilbake til Lunde.
Program:
Fredag Innkøyring etter kl. 12.00
16.00 Hesteskokasting
19.00 Samling i teltet – vaflar m.m.
Laurdag 12.50 Oppmøte Lunde sluser
13.20 Avgang Lunde sluser
15.20 Framme ved Ulefoss sluser / Retur til campingplassen
17.00 Felles grilling (alle ordnar md eigen grillmat)
18.00 Samling i teltet – klubblotteri. Husk å ta med gevinst.
Søndag Pakking av telt – Heimreise