
Innkalling til årsmøte i avdelinga.
Tid: Onsdag 11. mars 2026 kl. 17.00
Sted: Skei misjonshus.
Sakliste:
Vi vil drøfte om det er aktuelt med ei 90-årsfeiring for avdelinga i sommar. Vi vil også foreslå at vi kan løyve eit større støttebeløp som jubileumsgave til edruskapsarbeid og eit til verving i MA.
Val inkluderer val av landsmøteutsendingar.
Innkomne saker og ymse.
Viss du som medlem vil ha opp ei sak på årsmøtet, må du seie frå til leiar eller sekretær innan 8. mars.
Alf Seim blir med og fortel om MA Rusfri Trafikk sitt arbeid og utfordingar for organisasjonen.
Avdelinga treng at nye folk engasjerer seg i styrearbeid! Valnemnda har problem med å finne kandidatar til ledige styreplassar, og resten av mannskapet i styret har stått på lenge og treng etter kvart avløysing. Styret avgjer sjølv kva aktivitetsnivå ein skal ha. Det treng ikkje vere veldig krevjande, men vi bør ha eit styre som held organisasjonen i gong (årsmøte og utsending landsmøte kvart andre år).Kan du tenkje deg å vere med på dette, så meld frå til leiar i valnemnda Jakob Devik tlf 94818884. På årsmøtet skal det ikkje bli noko press om dette, så ingen må vere «redd» for å kome på årsmøtet av den grunn.
Det er ein god del fordelar for oss som er medlemmer, dette finn ein meir om i Motorføreren og på heimesida (www.marusfritrafikk.no).
I år også sender vi innkalling med sakliste og årsmelding på e-post til dei vi har adresse til. Til dei andre sender vi innkalling på SMS.
Det blir ei matøkt med rom for småprat.
Kom og ver med oss på årsmøtet! Kanskje du også har idear/innspel til det vidare arbeidet vårt.
Velkomen!
For styret,
Johannes Nedrebø, leiar (tlf 97034378) og Svein H. Hovstad, sekretær (tlf 99103393).