

MA CAMPINGKLUBB
MA Campingklubb, stifta 22. oktober 1983, skal samle camping- og friluftsinteresserte medlemmer og arbeide for å ivareta deira interesser.
Det ordinære årsprogrammet omfattar 3 treff. Treffa blir lagt til ulike campingplassar i sør/midt Norge. Vi prøver å finna plassar med god standard, men unngår store familieparkar.
For dei som ikkje har bobil /vogn, legg vi til rette for alternativ innkvartering enten i hytte eller leiligheit. Unnataket er Krabbetreffet der vi ikkje tilbyr dette. Dersom nokon ønskjer å nytta telt, legg vi til rette for det.
Vi reserverer ein del oppstillingsplassar /hytter og avtalar pris. Difor er det nødvendig med påmelding. Telefon-nummer finn du på side 4. Medlemmene får påminning om treff og påmeldingsfrist gjennom SMS/e-post.
Kontingenten (for tida kr 200) gjeld heile familien. Dessutan er gjester som ønskjer rusfritt camping-samvær alltid velkomne på samlingane våre.
Vi har ikkje særskild «treffavgift», men treffdeltakarane tar med ein liten gevinst til ei utlodding for å dekka kostnader med treffet. Kostnader med tur/fellesmåltid kjem i tillegg. Deltakarane tek med mat og drikke til felles grilling.
Godt kast.
Om aktivitetane i klubben
Pinsetreffet
I pinsehelga har vi samling med m.a. årsmøte, val av styre, felles utflukt og samvær rundt grill.
Hausttreffet
Dette treffet prøver vi å plassere i ulike landsdelar slik at flest mulig over tid får rimeleg reiseavstand.
Krabbetreffet
Dette blir alltid avvikla i august, på Skadberg Camping på Eigerøya, nær Egersund. Programmet – som er noko avhengig av bra ver – er dominert av sjømat grilling.
Typisk treffprogram
- Fredag: Innsjekking, oppstilling. Rigging av møtetelt. Kl 17: Gjensyn - kos med nysteikte vafler og kaffi. Klubben ordnar med vafler m.v.
- Laurdag: Felles tur til eitt eller anna turistmål innan rekkevidde frå treffplassen. Pinsetreffet: Årsmøte kl 18, middag kl 19. Elles: Hesteskokasting med premiering kl 15. Grilltenning kl 17. Klubben ordnar med felles grillar. Utlodding.
- Sundag: Utsjekking og avreise.
Formelt varer treffa frå fredag til sundag (til måndag i pinsa), men de kan gjerne kome tidlegare i veka eller bli fleire dagar.
Krabbetreff med reker og laks.
TREFFPROGRAM FOR 2020
Pinsetreffet 29. mai – 1. juni, LISTA FLYPARK
Påmelding til Alf Seim; tlf.: 952 09 501 eller e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Påmeldingsfrist: Måndag 18. mai 2020
Pris oppstillingsplass m/straum kr 200,- pr. døgn
Campingplassen har både enkeltrom og dobbeltrom til leige. Pris enkelt rom kr 450 pr. døgn og for dobbeltrom (2 pers) kr 550 pr. døgn.
For bestilling av rom er det eigen bestillingsfrist – 1. mars
Klubben har fått leiga befalsmessa som vi kan bruka dersom dårleg vær. Årsmøtet laurdag kveld skal være her.
Fredag kl. 17:00 Velkomen, kaffi og nysteikte vaflar
Laurdag kl. 11:00 Vi planlegg ein liten utflukt. Kjem tilbake med meir informasjon.
kl. 18:00 Felles samling i kafeen med årsmøte, middag og klubb-lotteri. Husk å ta med gevinst.
Eigenandel middag: kr 200,-
Sundag kl. 15:00 Hesteskokasting
kl. 16:00 Felles grilling
Måndag: Avslutning / Pakking / Heimreise
MA sitt landsmøte 12. og 13. juni 2020, Sandefjord, Scandic Park hotell
MA ønskjer at mange av klubben sine medlemmer kan ta turen innom landsmøtet. Dessverre klarer ikkje landsmøtekomiteen å laga til eigen bobilcamp, men viser til at det rett ved hotellet er fleire moglegheiter i gangavstand frå hotellet i tillegg til Granholmen camping.
Sandefjord bobilhavn, (2) (https://bobilplassen.no/sandefjord/) her er 16 plasser, pris kr 260,- (2019 priser). Pr døgn. Her er straum, moglegheiter for tømming av toalett og spillvatn samt fylling av vatn. Komiteen får dessverre ikkje halda av plasser. (GPS: N59˚07’30 E10˚13’15)
Parkeringsplass langs Sandefjordvegen. (3) (helt til venstre i bildet av bobilhavna) Her er det lov å parkere (dvs sove i bilen), men ikkje setje ut bord /stoler. Det er ikkje tilgang til straum. For tømming av toalett viser ein til Sandefjord bobilhavn.
Parkering om dagen kan gjerast langs Hystadvegen (4), like ved hotellet. Dagparkering her er gratis.
Granholmen Camping (https://www.campinggranholmen.no/), ligg 4,5 km frå hotellet. Pris pr døgn kr 230 (219 priser) GPS: 59.088971, 10.220187 / N 59° 5′ 20.349» E 10° 13′ 12.659»
Scandic Park Sandefjord er merket med (1) på kartet.
Landsmøtekomiteen har oppgitt Geir Øynes som kontaktperson.
Mobiltlf.: 45 60 01 04 eller E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Hausttreffet, 30. juli – 2. august, Lyngmo Ungdomssenter, Hafslo
Påmelding til Alf Seim; tlf.: 952 09 501 eller e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Påmeldingsfrist: Måndag 13. juli 2020
Lyngmo har både rom og hytter til leige. For pris, type hytte /rom, sjå Lyngmo si nettside https://www.lyngmoinfo.com/.
Bestilling av rom /hytte skjer direkte til Lyngmo på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Husk å opplyse at du skal vera med på campingklubben sitt treff.
Lyngmo opplyser at det kan vera stor pågang etter hytter /rom, så det kan vera lurt å bestilla tidleg.
Pris oppstillingsplass m/straum kr 300,- pr døgn
Møtesalen på ungdomssenteret er til vår disposisjon under treffet.
Torsdag kl. 17:00 Velkomen, kaffi og nysteikte vaflar
Fredag kl. 11:00 Heildagstur til Jostedalen Nasjonalpark.
Ca. 13:30 tar vi bussen vidare inn til brevatnet. Med oss på denne turen får vi guide. Vi skal ein tur på brevatnet
inn til breen. Vi skal og få smaka spekemat frå området. (Det kan vera lurt å ta med seg litt niste, sjølv om det
er kafé på Breheimsenteret).
Reknar med å vera tilbake på Lyngmo rundt kl 16:00
Eigenandel tur kr 450,- pr. person som dekkjer leige av buss, inngangsbillett Breheimsenteret og guida tur inn til breen.
kl. 19:00 Felles middag på Lyngmo (vert dekka av klubben)
Laurdag kl. 15:00 Hesteskokasting
kl. 16:00 Grilling
kl. 18:00 Fellessamling med klubb-lotteri, husk å ta med gevinst.
Sundag Avslutning / Pakking / Heimreise
Krabbetreffet, 14. – 16. august, Skadberg Camping, Nordre Eigerøy
Påmelding til Gunleiv Engedal, tlf.: 976 98 993 eller e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Påmeldingsfrist: Måndag 3. august 2020
Pris oppstillingsplass m/straum kr. 250,- pr. døgn
Fredag Oppsetting av telt.
Setting av krabbeteiner. Atterhald om nokolunde bra vær.
kl. 17:00 Velkomen, kaffi og nysteikte vaflar
Laurdag morgon Trekking av teiner
kl. 19:00 Vi koser oss med god og rikeleg sjømat
Kostnad med kjøp av mat vert delt på tal treffdeltakarar, erfaring frå tidlegare treff vil denne liggja på rundt 150 kroner pr. person.
Klubb-lotteri – husk å ta med gevinstar
Sundag Avslutting / Nedrigging av telt / Heimreise
Meir informasjon og innmelding i klubben:
Alf Seim, tlf. 952 09 501
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Innmelding i klubben kan også skje til sekretær
Per Kristian Halle, tlf 920 31 813.
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
eller til:
Medlemskaps-kontakt:
MA Campingklubb
c/o Magnus Fuglestad
Odinsgate 1 B
4306 Sandnes
tlf 516 66 743 / mobil 997 04 550
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Skal du på campingferie, vil du trenge et internasjonalt campingkort på de fleste campinglasser, både i Norge og utlandet.
Kortet heter Camping Key Europe.
KLIKK PÅ KORTET, SÅ FÅR DU DEN INFORMASJONEN DU TRENGER.
Kortet kan du bestille her
NB! Det beregnes ca. 21 dager fra bestillingsdato til du mottar kortet.
Mer info om camping.
Følgende campingplasser har avtale med eller tilknytning til MA:
HEDMARK:
Landfastøyen Gård og Camping
Bellingmo
2560 Alvdal
Tlf. 62 48 86 00 / mob. 920 21 128
OPPLAND:
Kirketeigen Ungdomssenter og Camping
Bygdahusvegen 11
2642 Kvam
tlf. 61 21 60 90
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
www.kirketeigen.no
Hvis problemer med å få kontakt, bruk denne kontaktinfo:
Normisjon, Region Oppland
Postboks 504
2803 Gjøvik
Besøksadr.:
Østre Totenveg 120
2803 Gjøvik
Telefon: 61 13 03 40
ROGALAND:
Hjelmeland Camping Bed & Breakfast
Boks 4
4148 Hjelmeland
Tlf. og faks: 517 50 230
HORDALAND
Odda Camping og Hardanger Opplevelse
Eidesåsen 45, Børstå
5750 Odda
Tlf. 413 21 610
SOGN OG FJORDANE:
Hov Hyttegrend
Elsdalen
6978 Viksdalen
tlf: 57 71 79 37
mob: 911 88 466
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
www.viksdalen.no/hov-hyttegrend
Krokane Camping
Brandsøyvegen 1
6900 Florø
tlf: 57 75 22 50
faks: 57 75 22 60
FINNMARK:
Solvang Camping
Postboks 1280
9505 Alta
Tlf. 784 30 744
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
www.solvangcamping.no
Besøksadresse:Transfarelv, 10 km fra Alta sentrum, v/E6 på vei mot Nordkapp
Repparfjord Ungdomssenter
v/ Helga Ingebriktsen Nyvold
9519 Kviby
tlf: 789 51 521
Hvis du ønsker mer informasjon ang. campingplassene, campingkort m.m. - kan du også kontakte MAs forbundskontor på tlf. 22 47 42 00, eller e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Oppdatert oktober 2019