Egen campingklubb
MA Campingklubb
Velkommen til MAs egen campingklubb! Den ble stifta 22. oktober 1983 og skal samle camping- og friluftsinteresserte medlemmer og arbeide for å ivareta deira interesser.
Kontakt oss
Alf Seim
leder
tlf. 952 09 501
inhsei@online.no
Per Kristian Halle
sekretær
tlf. 920 31 813
per.kr.halle@gmail.com

Treffprogram 2023
Pinsetreffet, 26. – 29. mai, Elverum Camping, Elverum
Campingplassen ligg ca. 1 kilometer sør for Elverum sentrum, idyllisk til ved Glomma.
Laurdag skal vi på utflukt til Elverum Caravan der vi får omvising. Reise til/ frå skjer med buss. Elles vil vi bruka rom på Norsk skogsmuseum både til årsmøte og felles middag . Museet ligg rett ved campingplassen, ca. 400 – 500 meter å gå. For dei som ikkje kan gå, ordnar vi med transport.
Campingplassen har eit fellesrom med plass til ca. 30 personar – som vi kan /skal bruke til samling både fredag og søndag.
Påmelding til Alf Seim
Mobil: 952 09 501
E-post: inhsei@online.no
Påmeldingsfrist: Måndag 15. mai 2023
Pris oppstillingsplass m/straum kr 390,- pr døgn pr bil
Eigenandel treff: Kr 350,- pr pers.
Fredag
Kl. 17.00 Velkomen, kaffi og nysteikte vaflar
Laurdag
Kl. 11.00 Tur til Elverum Caravansenter
Kl. 13.00 Retur til campingplassen
Kl. 16.30 Årsmøte i klubben – Norsk Skogsmuseum i den «lille kinosal»
Kl. 18.00 Felles middag i restauranten på skogsmuseet.
Meny: Elghakk m/gulerøter og tyttebærsyltetøy
Sundag
Kl. 11.00 Guida tur på Norsk skogsmuseum
Kl. 15.00 Hesteskokasting
Kl. 16.00 Felles grilling. (alle ordnar med eigen grillmat)
Kl. 19.00 Samling i Fellesrommet på campingplassen – klubblotteri (Husk å ta med gevinst)
Måndag:
Avslutning / Pakking / Heimreise
Hausttreff, 4. – 6. august, Skjoldstraumen Camping, Tysvær kommune i Nord Rogaland
Påmelding til Alf Seim
Mobil: 952 09 501
E-post: inhsei@online.no
Påmeldingsfrist: 25. juli 2023
Pris oppstillingsplass m/straum kr 300,- pr døgn pr. bil
Fredag
Kl. 17.00 Velkomen, kaffi og nysteikte vaflar
Laurdag
Kl. 15.00 Hesteskokasting
Kl. 16.00 Felles grilling. (alle ordnar med eigen grillmat)
Kl. 18.00 Fellessamling i kafeen med klubb-lotteri
Sundag
Avslutning / Pakking / Heimreise
Krabbetreffet, 18. – 20. august, Skadberg Camping, Nordre Eigerøy
Påmelding til Gunleiv Engedal:
Mobil: 976 98 993
E-post: tonejengedal@gmail.com
Påmeldingsfrist: Torsdag 10. august 2023
Pris oppstillingsplass m/straum kr 300,- pr døgn pr bil
Fredag
Oppsetting av telt.
Setting av krabbeteiner. Atterhald om nokolunde bra vær.
Kl. 17.00 Velkomen, kaffi og nysteikte lappar.
Laurdag morgon
Trekking av teiner
Kl. 16.00: Vi koser oss med god og rikeleg med sjømat.
Kostnad med kjøp av mat vert delt på tal treffdeltakarar, erfaring frå tidlegare treff vil denne liggja på rundt 150 kroner pr. person
Klubb-lotteri – husk å ta med gevinstar
Sundag
Avslutting / Nedrigging av telt / Heimreise
Generell info
MA Campingklubb, stifta 22. oktober 1983, skal samle camping- og friluftsinteresserte medlemmer og arbeide for å ivareta deira interesser. MA Campingklubb er tilknytt MA – Rusfri Trafikk.
Det ordinære årsprogrammet omfattar 3 treff. Treffa blir lagt til ulike campingplassar i sør/midt-Norge. Vi prøver å finna plassar med god standard, men unngår store familieparkar. Viktig er det at plassen har eit stad der vi og kan samlast inne, dersom dårleg vær.
Alle treffa er rusfrie.
For dei som ikkje har bubil/vogn, legg vi til rette for alternativ innkvartering enten i hytte eller leilegheit. Unnataket er Krabbetreffet der vi ikkje tilbyr dette. Dersom nokon ønskjer å nytta telt, legg vi og til rette for det.
Til kvar sesong vert det utarbeid eit treffprogram; Stad, tid, program og prisar.
Ut frå påmelding reserverer vi oppstillingsplassar. Påmeldingsfristen er som regel 10 dagar før treffet.
Gjester som ønskjer eit rusfritt camping-samvær er alltid velkomne på samlingane våre.
Lokale MA medlemer er og velkomne til å delta på heile eller deler av treffa våre. Husk berre å gje beskjed til treffansvarleg.
Vi har ikkje særskild «treffavgift», men på kvart treff har vi eit klubblotteri. Treffdeltakarane tar med ein liten gevinst til ei utlodding for å dekka kostnader med treffet. Kostnader med tur/fellesmåltid kjem i tillegg. Deltakarane tek med mat og drikke til felles grilling.
Viktig for alle treffa er det sosiale, det å ha tid til kvarandre, og bli kjent med nye familiar. For oss er det viktig at nye familiar føler seg velkomen og blir ein del av gruppa.
Storleiken på treffa er rundt 20 bilar /vogner
Medlemskontingenten i campingklubben er på kr. 200 og gjeld heile familien, og blir brukt som ein del av finansieringa for drift av klubben /treffa.
Hesteskokasting og felles grilling er fast innslag på pinse- og hausttreffet.
Om aktivitetane i klubben
Pinsetreffet
Startar fredag før pinse og vert avslutta 2. pinsedag. Pinsetreffet er og tid for klubben sitt årsmøte. Vi har og gjerne ei utflukt laurdag i tillegg til sosiale samlingar.
Hausttreffet
Treffet blir som regel lagt til første helga i august, frå fredag til søndag. Treffet kan og bli utvida med 1 dag dersom det vert lagt opp til heildagstur fredag.
Krabbetreffet
Dette blir alltid avvikla medio august, på Skadberg Camping på Eigerøya, nær Egersund. Treffet er frå fredag til søndag. Som namnet tilseier, er det sjømat som står på menyen som vi koser oss med laurdag ettermiddag /kveld. For nokre startar treffet torsdag med oppsetting av telt, setting av krabbeteiner og fisking etter makrell. Elles kjøper vi inn reker og laks. Kvar familie har sjølv med det dei vil ha av drikke. Kostnaden med innkjøp av mat vert delt på antal deltakare, i snitt kr 150,- pr pers. Søndag hjelper alle til med å ta ned telta.
Typisk treffprogram
Fredag: Innsjekking, oppstilling. Rigging av møtetelt. Kl 17: Gjensyn – kos med nysteikte vafler og kaffi. Klubben ordnar med vafler m.v.
Laurdag: Felles tur til eitt eller anna turistmål innan rekkevidde frå treffplassen. Pinsetreffet: Årsmøte kl 18, middag kl 19. Elles: Hesteskokasting med premiering kl 15. Grilltenning kl 17. Klubben ordnar med felles grillar. Utlodding.
Sundag: Utsjekking og avreise.
Formelt varer treffa frå fredag til sundag (til måndag i pinsa), men de kan gjerne kome tidlegare i veka eller bli fleire dagar.