Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

MA Campingklubb – Sensommertreffet

august 1 - august 4

camping bobil

Sensommartreffet, 1. – 4. august, Marivold camping, Grimstad.

Vi har reservert 25. plassar frå torsdag til søndag, på den nye oppstillingsplassen tilrettelagt for bubilar.

Grunna stor pågang etter desse plassane, må klubben gje melding til campingplassen innan 15. juni på kor mange plassar vi treng.  Klubben må difor ha ekstra tidleg påmelding.

Ønskjer nokon å koma tidlegare enn torsdag, må dette opplysast ved påmelding.

Fredag blir det båttur. Da får vi ein tur i «Terje Vigens kjølevann…» dvs. ein tur rundt Hesnesøy/Kvaløya kor Terje kom frå.  Vi får også et møte med den typiske sørlandske skjergard.

Båten er en gammal fiskebåt med namn «Østerøy».  Denne vert brukt til sightseeing og som badebåt i Grimstad gjennom hele sommaren. Det er Kystlaget i Grimstad som eig båten.  Gå inn på Badebåten i Grimstad der ligger det bilde.

Laurdag skal vi ha samling i restauranten.  Her vil det bli pizza buffé.  Restauranten lager eigen glutenfri pizza. Ved påmelding må det opplysast om allergiar.

Påmelding til Alf Seim; mobil 952 09 501 eller e-post inhsei@online.no

Påmeldingsfrist: Måndag 10. juni 2024

Pris oppstillingsplass m/straum kr 350,- pr døgn pr bil

Klubben har avtale med campingplassen, og vil få tilsendt faktura.

Eigenandel treff: kr 300,- pr pers. ( dekkjer båttur og pizzabufé laurdag) 

Program:

Torsdag 1. 8. – Innkøyring etter kl. 12.00

17.00 – Velkomen, kaffi og nysteikte vaflar

Fredag

12.45 – Båttur, ca. 2 timar

17.00 – Felles grilling (alle ordnar med eigen grillmat)

Laurdag

15.00 – Hesteskokasting

18.00 – Samling i restauranten m/ pizza og klubblotteri.
Husk å ta med gevinst.

Detaljer

Start:
august 1
Slutt:
august 4
Hjemmeside:
https://www.marusfritrafikk.no/medlemsfordeler/ma-campingklubb/

Sted

Marivold camping
Marivoldveien 60
Grimstad, Agder 4885 Norge
+ Google-kart